Trygderetten blei oppretta ved ei eiga lov i 1967 – det same året som folketrygdlova tredde i kraft. Det var stort behov for ei meir forsvarleg saksbehandling på trygde- og pensjonsområdet.

Før dette var det knytt ulike klage- og ankeordningar til dei ulike lovene. Mange av desse ordningane hadde store svakheiter, og avgjerdene blei sjeldan grunngitte.

I innstillinga frå Forvaltingskomiteen i 1958 heitte det at den beste løysinga kanskje «ville være en felles ankenemnd for alle trygder, med andre ord en slags sosialdomstol som vi allerede kan se konturene av».

Opprettinga av Trygderetten botna først og fremst i eit ønskje om betre rettstryggleik. Den nye folketrygdordninga, som samla dei ulike trygdeordningane under éin hatt, gjorde det også naturleg med ein felles ankeinstans.

Lova har vore endra nokre gongar. I 1987 blei lagmannsretten – i staden for herads- og byretten – gjort om til første overprøvingsinstans i det alminnelege domstolshierarkiet.

Sjølv om etableringa av Trygderetten bygde på ein domstolstankegang, blei retten i praksis organisert etter ein nemndsmodell, med eit sekretariat (i Trygderetten kalla saksførebuarar) som førebudde saka og laga eit utkast til vedtak (i Trygderetten kalla orskurd) som blei lagt fram til avgjerd for nemndsmedlemmane (i Trygderetten kalla rettsmedlemmar).

I 1997 blei organiseringa og arbeidsforma til Trygderetten endra betydeleg. Ordninga med saksførebuarar blei avskaffa, og saksbehandlinga blei gjort langt meir domstolliknande ved at rettsmedlemmane sjølve førebur saka og lagar utkast til rettsavgjerd. Den viktigaste skilnaden i forhold til saksbehandlinga i dei alminnelege domstolane er at denne no er skriftleg i Trygderetten.

I 2015 blei det gjort ein gjennomgripande revisjon av heile lova. Eit utgangspunkt for revisjonen var å styrke Trygderetten som nøytral tvisteløysar. Dette inneber at den private parten og vedtaksorganet i større grad enn tidlegare blir likebehandla, mellom anna gjennom ei styrking av kontradiksjonsprinsippet. Andre, meir prinsipielle endringar er mellom anna:

  • Avvikling av ordninga med lekmenn. Denne har, med eitt unntak, ikkje vore i bruk sidan nittitalet – og har heller ikkje vore etterspurd.
  • At retten blir sett med fem medlemmar i staden for sju i prinsippsaker. Også dette er ei kodifisering av praksis, som til ei viss grad heng saman med førre punkt; rettsavgjerder med sju medlemmar føresette deltaking frå lekmenn.
  • Innføring av regler om tilleggsrettsavjerder i tilfelle der retten har unnlate å avgjere spørsmål som har vore oppe i saka.
  • Lovfesting av uavhengigheita til rettsmedlemmane, slik det blir gjort også i dei alminnelege domstolane.
  • Lovfesting av tilfeldigheitsprinsippet.
  • Lovfesting av ordninga med oppattaking av rettsavgjerder frå Trygderetten.